Informasjonsskriv
«Det som du er, vær fullt og helt, og ikke stykkevis og delt.»
Ein studie om kjønnsidentitetstematikk.
Av Sigrid Agnethe Hansen, masterstudent i Samfunnsplanlegging og kulturforståing ved Universitetet i Tromsø.
Eg skal i gong med ein masteroppgåve kor tematikken er kjønn og identitet. Vi lever i eit samfunn som hevdar å vere opptatt av mangfald og dei mulegheitane som ligg i mangfaldet. Men kor sant er det at samfunnet sett pris på mangfald? Når det gjeld kjønnsuttrykk, har vi fortsatt ein jobb å gjere når det kjem til å akseptere og forstå dei ulike formane som utspeler seg utanfor den etablerte to-kjønna modellen. Kva er kjønn i dag? Korleis blir kategorien kjønn utfordra og utvida? Er kjønn viktig for oss? Er kjønn viktig når det gjeld vår identitet?
Dette er spørsmål eg sjølv tenker mykje på og gjerne vil ha svar på. Gjennom å snakke med menneske med ulik kjønnsidentitetstematikk, vil eg forsøke å problematisere spørsmåla ovanfor.
Eg vil med dette spørre deg som føler at du har noko å bidra med om du kan tenke deg å bli intervjua i forbinding med mitt forskningsprosjekt. Studien vil bidra til kunnskap om transpersonar og andre med kjønnsidentitetstematikk.
All informasjon om deg vil bli behandla konfidensielt og vil bli anonymisert i oppgåva. Personopplysninger som namn, fødselsstad, alder og liknande vil vere tilgjengeleg kun for meg. Det vil bli foretatt eit intervju, som du i ettertid vil få anleiing til å endre, korrigere eller tydeleggjere når det er gjennomført. Intervjua vil bli tatt opp på bånd.
Intervjua vil skje i juni måned. Lokasjon blir vi einige om saman.
Eg vil understreke at det er frivillig å delta og at du når som helst kan velgje å trekke deg utan å måtte oppgje nokon grunn.
Er dette interessant for deg? Kunne du tenke deg å vere med på eit intervju? Ta kontakt med meg på mailen under. Ta gjerne kontakt om du ønsker meir informasjon.
Sigrid Agnethe Hansen
mastersigrid@gmail.com